Shows / Edder & Galle

Edder & Galle
Ole Morten Hobberstad og Per Tore Salte tek deg med på ei engasjerande og innsiktsfull reise gjennom Bryne FK. I denne vekelege podkasten set duoen fokus på klubben – både på godt og vondt. Dei analyserer kampane, deler erfaringar, og har spennande gjester. I tillegg tek podkasten opp tema som er viktige for lytterne, og dei er alltid ute etter spørsmål og innspel frå lytterne om kva dei ønskjer at skal bli tatt opp i episodane.
Episodes
Edder & GalleMe trur på prosjektet. Trur me.
Bryne leia med to mål to gonger i seriekampen mot Egersund på Bryne stadion. Begge gongene fekk måla heile stadion til å reise seg med ståpels, men utover i…
Edder & Galle90 minutt med handlingslamming
Det går ikkje akkurat på skinner for Bryne om dagen, og det set nok sitt preg på stemninga i vekas episode av Edder & Galle. To tap og eitt uavgjort kjennest…
Edder & GalleTakk for ingenting, Skien
I vekas episode av Edder & Galle er vertane tilbake frå Skien og går rett i studio. På Skagerak Arena fekk Bryne eit lite håp om poeng, både eitt og tre, men…
Edder & Galle1–0 er også tre poeng
Bryne er i form! Det blir i alle fall poeng, sjølv om kampen mot Lyn kanskje ikkje var av det mest imponerande slaget. 1–0-siger og tre nye poeng gjer at vi…
Edder & GalleKalkulatoren er henta fram
I dagens episode av Edder & Galle er stemninga mildt sagt god. Det skulle berre mangle! Bryne har nemleg sikra seg plass i neste runde av cupen etter ein solid…
Edder & GalleEr vi så enkle?
Sist kamp var det skikkeleg dårleg stemning i Edder & Galle. No slår Bryne Stabæk 2–0 på heimebane, spelar underhaldande fotball, og plutseleg er stemninga og…
Edder & GalleEin tam kamp, seks tema og ein uroleg haust
I kveldens episode av Edder & Galle skal vi innom tre hovudpunkt. Først: Vi tek ein kjapp gjennomgang av kampen mot Strømmen. Det var ikkje all verda å hente…
Edder & GalleSpelarsal og store spørsmål
Bryne er vidare i cupen etter 3–0 mot Rosseland i første runde. Den to–tre minutt lange turen mellom stadionane viser heldigvis den forskjellen som bør vere…
Edder & GalleFarvel, spøkelse!
I denne episoden av Edder & Galle kan studio endeleg puste letta ut. Bryne har vunne på Øster Hus Arena, og det som lenge har vore omtalt som spøkelset, er…
Edder & GalleSkal forbanninga på Øster Hus ende no?
I vekas episode av Edder & Galle er det god stemning. Spissdebut med scoring gav verkeleg optimismen eit løft, og plutseleg ligg vi nærare kvalik enn nokon…
Edder & GalleStabilt ustabile og heilt passe optimistiske
I dagens episode av Edder & Galle går me gjennom kampen mot Sogndal. Det vart tre poeng i Saftbygda, og me kan så smått byrje å sjå oppover på tabellen, sjølv…
Edder & GalleEnergilaust, bannerdebatt og overgangsprat
I dagens episode er noko av det tekniske utstyret vårt minst like energilaust som Bryne-laget såg ut heime mot Strømsgodset. Episode blir det likevel, og vi…
Edder & GalleFrå frykt til fest
For ein kveld og for ein siger! Bryne reiste til Haugesund med ei tøff oppgåve framfor seg, men tok med seg alle tre poenga heim etter ein sterk 2–1-siger mot…
Edder & GalleKva er det som skjer med Bryne?
Bryne og Sandnes Ulf deler poenga i lokaloppgjeret på Bryne stadion. Podkastduoen legg ikkje skjul på at dei er skuffa over resultatet, og dei saknar større…
Edder & GalleFull brems på Nadderud, no ventar naboen!
Etter tre strake sigrar var håpet at Bryne skulle halda fram klatringa, men på Nye Nadderud sa det stopp. 2–0-tapet mot Stabæk blir grundig analysert, og vi er…
Edder & GalleTre poeng, tippetips og turprat
I kveldens episode av Edder & Galle oppsummerer me kampen mot Åsane. Det blir kanskje ikkje den lengste kampgjennomgangen i historia, men det viktigaste er på…
Edder & GalleBislett-fest, tippefiasko og vind frå alle kantar
I dagens episode av Edder & Galle er det mykje å jubla for etter Bryne sin sterke 3–0-siger borte mot Lyn på Bislett. Fleire spelarar skal opp på børsen, og…
Edder & GallePoenga varma mest
Etter to kampar utan siger er vi tilbake på vinnarsporet. Hødd blir slått 1–0, og sjølv om kampen kanskje ikkje går inn i historiebøkene for den store…
Edder & GalleKupongen sat. Resten er framleis diskutabelt.
Ny episode av Edder & Galle er klar! Bryne har vore i aksjon igjen, men ny trepoengar lèt framleis venta på seg. Likevel finn Per Tore noko positivt å ta med…
Edder & GalleEi uro har meldt seg
Episode to denne veka er ikkje for dei fintfølande sjelene. Etter eit blytungt 3–0 tap borte mot Raufoss, haglar det med krass kritikk frå Edder &…
Edder & GalleBunad, ball og beinhard kritikk
På sjølvaste nasjonaldagen kjem ein ny episode av Edder & Galle. I denne episoden blir det sjølvsagt slakting av ein spelar sitt val denne veka, og me går…
Edder & GalleForrykande start og klassisk Bryne-avslutning
Bryne tok endeleg med seg alle poenga heim etter ein sterk bortekamp mot Moss på Melløs. Dei raudkledde opna kampen i forrykande tempo og gjekk til pause med…
Edder & GalleFrå cruise control til bremsesvikt i overtida
Ein ny episode av Edder & Galle startar med det som skulle vere ein koseleg kveld for Bryne, men som sjølvsagt ikkje fekk lov til å vere det. 3–0 mot Sogndal…
Edder & GalleEin tung jubileumskveld på Bryne Stadion
I denne episoden av Edder & Galle tek me eit tungt oppgjer med kampen mot Odd. Me starta godt, med tru og energi, men så kom utligninga og med ho den snikande…
Edder & GalleEin start å gløyme men ein episode å høyre
I dagens episode av Edder & Galle er stemninga tung etter endå eit tap, denne gong mot EIK. Tre av tre tap i starten av sesongen gjer at praten fort blir prega…
Edder & GallePoengtørke for Bryne, men jackpot i tippespalten
I denne episoden av Edder & Galle er stemninga prega av frustrasjon etter eit nytt tap for Bryne, denne gongen heime mot Ranheim. I spelarvurderinga må pisken…
Edder & GalleBitre siffer, nye kampar og historisk drakt
I denne episoden av Edder & Galle tek vi føre oss det bitre 3–0-tapet på Gjemselund mot Kongsvinger. Er det grunn til uro, eller lyver resultatet? Det vart…
Edder & GalleSeriepremiere, spenning og store forventningar
No er ventetida snart over, og endeleg er det klart for kampar med tre poeng i potten. Bryne serieopnar borte mot Kongsvinger på Gjemselund måndag klokka…
Edder & GalleFrå cupskuffelse til draktdebatt
I denne episoden av Edder & Galle tek me føre oss cupkampen mot Brann, ein kamp som dessverre enda med at Bryne måtte takke for seg i cupen. Me sit att med…
Edder & GalleCupspesial: Bryne - Brann
Bryne er klare for kvartfinale i cupen, der Brann kjem til Bryne Stadion. Tener Bryne på det igjen? Gjer grasmatta det like vanskeleg for Brann som ho var for…
Edder & GalleCupdrama på Bryne Stadion og spørsmål frå lyttarane
I denne episoden av Edder & Galle høyrar du sjølvsagt om den store snakkisen: cupbragda på Bryne Stadion der Bryne slo ut Rosenborg etter ekstraomgangar. Det…
Edder & GalleCupspesial: Bryne–RBK
I denne episoden av Edder & Galle er det duka for skikkeleg cupstemning! Søndag ventar 4. runde i NM når Bryne tek imot Rosenborg på Bryne Stadion, og me…
Edder & GalleFolkets spesial
Edder & Galle er endeleg tilbake etter ein pause som vart ein veke lengre enn planlagt. For å ta det igjen køyrer me ein skikkeleg folkets spesial, der heile…
Edder & GalleGjest: Ørjan Heiberg
Vi er så heldige å ha fått besøk av Ørjan Heiberg, Bryne sin nye hovudtrenar. Vi tek opp spørsmåla som har kome inn, og går elles gjennom korleis Ørjan ønskjer…
Edder & GalleTrenarar, Bondehæren og alt lyttarane lurte på
Edder & Galle er tilbake, akkurat sånn det skal vera. Denne gongen har me gjort det enkelt og latt lyttarane finna på kva me skal snakka om. Det har ramla inn…
Edder & GalleNedrykket – Del 4: Då alt rakna
I den fjerde episoden av Nedrykket følgjer Edder & Galle dei siste, skjøre håpa og augeblikket då alt fell saman. Innspurten i Eliteserien gir eit lite glimt…
Edder & GalleNedrykket – Del 3: Spillerflukt, varsler og klubbens håndtering
I denne episoden av Edder & Galle ser vi nærare på den dramatiske utviklinga som vi meiner førte klubben til nedrykk. Vi startar med den sterke opninga på…
Edder & GalleNedrykket – Del 2: Var det opprykket som skjulte sprekkene?
I del to av Nedrykket går me tett på ein av dei mest intense og følelsesladda periodane i nyare Bryne-historie. For kva skjer når suksessen kjem raskare enn…
Edder & GalleNedrykket – Del 1: Kva var det som eigentleg skjedde?
I denne første delen av serien Nedrykket går me tilbake til starten. Før tabellplasseringar, før overskrifter – og lenge før nedrykket i 2025 var eit faktum…
Edder & GalleEit nederlag me aldri gløymer
I denne episoden av Edder & Galle tek me føre oss eit blytungt kapittel i Bryne-historia. Trass i ein 1–0-siger i returoppgjeret mot Aalesund, vart det…
Edder & GalleFullt hus, total forvirring og eit manus som ikkje stemte
I denne episoden av Edder & Galle sit Hobberst og Salte i studio og prøver å fordøye det som må vere eit av dei mørkaste kapitla i Bryne si nyare historie…
Edder & GalleDet går jo bra… eller?
I denne episoden av Edder & Galle kjem duoen inn i studio med eit breitt glis etter at Bryne slo Haugesund 4–1 på bortebane i araberenes by. Dei prøver…
Edder & GallePå veg inn i kvalik: uro, spørsmål og håp
I denne episoden av Edder & Galle er det merkbart dårleg stemning i studio. Bryne har tapt heime mot Sarpsborg 08, og prestasjonen gav lite å glede seg over…
Edder & GalleEdder & Galle lader opp til nervepirrande helg
I denne vekas episode av Edder & Galle blir det litt prat om landslaget. Panelet er godt nøgde med at Erling Braut Håland skal dra resten av Noreg med seg til…
Edder & GalleHåp, tru og litt desperasjon
I vekas episode av Edder & Galle byr det som vanleg på børs etter eit 5-0 tap nordpå mot Bodø/Glimt. Dei fleste hadde vel lite tru på poeng på Aspmyra, og…
Edder & GalleTrua er tilbake – kven skulle tru det?
Bryne slo Brann, og stemninga i studio er på topp! Gutane går gjennom kampen med spelarbørs, og til og med den mest pessimistiske røysta i podkasten er blitt…
Edder & GalleDrittkamp og dårleg folkeskikk
I dagens episode må Hobberst og Salte dessverre ta lytarane med gjennom det bitre tapet mot Viking. Stemninga er alt anna enn lystig, og det kjem tydeleg fram…
Edder & GalleBørs, spalter og spenning før hatoppgjeret
I dagens episode av Edder & Galle tek me for oss Rosenborg-kampen og gir spelarane karakterar på børsen. Som vanleg er me og innom dei faste spaltene, og denne…
Edder & GalleNår ballen ligg stille, går kjeften
I denne veka sin episode er det ingen kamp å analysere, og dermed heller ingen børs å dele ut. Men fortvil ikkje, vi finn sjølvsagt noko å snakke om likevel…
Edder & GalleTap i Sandefjord og oppførsel som ikkje held nivå
I denne episoden av Edder & Galle tek vi for oss Brynes tap borte mot Sandefjord. Både Hobberst og Salte sat på tribunen, og det dei såg var lite å juble for…
Edder & GalleOptimisme på lågt batteri – men vi drar likevel
I denne veka si episode av Edder & Galle ligg det eit lite slør av optimisme over studio. Etter ein lang og tung periode fekk Bryne-folket endeleg noko å smile…
Edder & GalleLys i tunellen – Bryne kjempar vidare i liga og cup
I denne vekas episode av Eder & Galle pustar gutane i studio endeleg litt lettare ut. Bryne har tent eit lite håpom overleving etter å ha henta eitt sterkt…
Edder & GalleIngen forsoning å spore
I denne episoden av Eder & Galle tek panelet for seg kampen mot Tromsø – ein kamp som dessverre ikkje vitna om noko forsoning mellom trenar og spelarar. Det…
Edder & GalleNår motvinden blæs – må fellesskapet stå fast
I denne vekas episode av Eder & Galle er dei faste jinglane tilbake, og me får som vanleg ein tur innom både fantasy og tippe-tipsa, der gevinsten går til…
Edder & GalleVi set ord på stillheita frå Bryne
I denne episoden av Eder & Galle blir det høg temperatur når bombenyheten frå Bryne Stadion sprekk: Tre spelarar har terminert kontraktane sine, og blant dei –…
Edder & GalleBryne stod opp frå det døde – men får likevel kjeft
I denne vekas episode av Eder & Galle tek gutane for seg 2–2-kampen mot Strømsgodset. Det starta svakt for Bryne, og på stillinga 0–2 sat mange med hovudet i…
Edder & GalleBekymra, men ikkje knekt
I denne episoden av Eder & Galle er stemninga merkbart meir døyvd enn vanleg. Bryne har nett tapt 1–0 borte mot HamKam. Er det Bryne som har blitt svakare…
Edder & GalleSøvndyssande kamp, men knallsterke nyheiter: Trykk play!
I denne vekas episode tek vi eit blikk på kampen mot KFUM – sjølv om vi må åtvara mot at det heile vart ein heller søvndyssande affære. 0–0 og lite…
Edder & GalleMe analyserer alt – bortsett frå oss sjølve
I vekas episode tek Hobberst og Salte for seg spelarbørsen etter det sviande tapet mot Molde. Dei går gjennom innsatsen til spelarane i kampen, og ser…
Edder & GalleEkte hat, surt tap – men me er Bryne
I kveldens episode av Eder & Galle tek podkastduoen for seg det smertelege tapet mot erkefienden Viking. Det var flotte rammer rundt kampen, og mange hadde…