
Stabilt ustabile og heilt passe optimistiske
I dagens episode av Edder & Galle går me gjennom kampen mot Sogndal. Det vart tre poeng i Saftbygda, og me kan så smått byrje å sjå oppover på tabellen, sjølv om me er einige om at Bryne kanskje er stabilt ustabile.
Det har kome inn mange gode spørsmål frå lyttarane. Korleis er engasjementet rundt klubben? Korleis står det eigentleg til med motivasjonen og interessa blant supportarane der ute? Me svarar på alt, eller i alle fall prøver.
Avslutningsvis ser me litt fram mot Moss, som ventar på laurdag. Hobberst må berre først få kontroll på kven som eigentleg tok over som trenar no nyleg.
The skinny
The skinny isn't ready yet — notes appear once the transcript is processed.