Shows / PALLPLASS - ein metalpodkast

PALLPLASS - ein metalpodkast
Ola, Bjarte og Øyvind tek for seg topp 3 - sjølve pallplassen - av albuma til band dei likar innan heavy.
Episodes
PALLPLASS - ein metalpodkast027 - METAL CHURCH
Metal Church skal på pallen i denne episoden, og det er ikkje berre enkelt å kåre topp 3 med Vanderhoof og kompani. Eller? Kanskje det er ganske enkelt? Er det…
PALLPLASS - ein metalpodkast026 - OPETH
Opeth. For eit band! Kva er det med desse svenskane som eigenhendig laga sin eigen sjanger allereie på debutalbumet? Korleis har dei klart å få denne…
PALLPLASS - ein metalpodkast025 - CANDLEMASS
I episode 25 snakkar vi om ein av pionerane og kanskje DET viktigaste bandet innan doom metal, nemleg Candlemass. Med primus motor Leif Edling som einaste…
PALLPLASS - ein metalpodkast024 - HELLOWEEN
Det er dei sjangerdefinerande tyskarane i HELLOWEEN som skal setjast på pallen denne gongen. Platene til og med Keeper of the Seven Keys pt. 2 er krutsterke…
PALLPLASS - ein metalpodkast023 - CARCASS
Liverpools store søner i Carcass er episodetema denne gongen. Kva er det med britane og deira grindcore/death metal (og i ei periode heavy metal) som er så…
PALLPLASS - ein metalpodkast022 - ACCEPT
Velkomen til ei ny episode med PALLPLASS! I denne episoden tek vi for oss ACCEPT som har heldt det gåande i imponerande 50 år. Dei har ei ny skive ute med…
PALLPLASS - ein metalpodkast021 - SEPULTURA
Det er fredag, snart helg og sjøøølvsag NY episode med Pallplass der vi snakkar om: SEPULTURA! Kva var det eigentleg som skjedde i Belo Horizonte på 80-talet?…
PALLPLASS - ein metalpodkast020 - SAXON
Kva er meir metall enn dongeri og lær? Jau, det er sjølvsagt: SAXON! Kva er det med Biff og kompani som gjer at Saxon er så tidlaust bra? Kva er koplinga…
PALLPLASS - ein metalpodkast019 - CELTIC FROST
UGH! Pallplass er attende med morbide forteljingar i podkastformat. I episode 19 er det Celtic Frost som står for tur. Kvifor var desse sveitsarane så…
PALLPLASS - ein metalpodkast018 - OBITUARY
Sommarferien er ferdig og det er endeleg duka for ny sesong med PALLPLASS! No går turen til Florida, amerikansk death metal og sjølve pionerane i sjangeren…
PALLPLASS - ein metalpodkast017 - PANTERA
Det er sommar, det er helg og det er ny episode med PALLPLASS! På menyen står kongane av groove- (og glam?) metal: PANTERA. Kva vokalist var best - Glaze eller…
PALLPLASS - ein metalpodkast016 - DIO
Kor mange DIO-album spelte Doug Aldrich på? Kvifor er riffet i tittellåta på Dream Evil så likt Man on the Silver Mountain? Campbell eller Goldy? Tracy G eller…
PALLPLASS - ein metalpodkast015 - DREAM THEATER
Det er sommar, det er VM i fotball og midt i det heile er det ny episode med Pallplass - aiaiai, for ein troika! Ola er på vestlandsturnè, og vi har fått med…
PALLPLASS - ein metalpodkast014 - CORROSION OF CONFORMITY
Det er snart helg og det er ny, rykande fersk episode med Pallplass! Det er Corrosion of Conformity (CoC) som skal i ilden i denne vekas episode. Kva er linken…
PALLPLASS - ein metalpodkast013 - KYUSS
... Har Øyvind oppdaga sin nye favorittsjanger? Er det eigentleg eit "Generator-party" - miljø i Ottadalen? Er Ola på på tynn is når Sun&Sail Club får raus…
PALLPLASS - ein metalpodkast012 - AC/DC
PALLPLASS is back (in black)! Det er altså klart for ei ny episode med Pallplass. Ei heil veke sidan sist! For lengje seier nokon, for stutt seier andre. AC/DC…
PALLPLASS - ein metalpodkast011 - ATHEIST
Det er teknisk death metal som er i fokus i vekas episode med Pallplass. Sjangerpionerane i Atheist skal på pallen denne gongen, og det er ikkje berre enkelt å…
PALLPLASS - ein metalpodkast010 - LILLEHAMMER ROCK & SOTDUR
Øyvind er på øyrevakstransplantasjon i Folldal, og i hans fråver er det duka for festivalSPESIAL i episode 10 av Pallplass. Gjestar i dag er Ståle Rønningen…
PALLPLASS - ein metalpodkast009 - SLAYER
Thrash-pionerane i Slayer skal gjennom nålauga i episode 9 av Pallplass. Kva plater er eigentleg verdige av Tom Araya og kompani? Kva har Ola, Øyvind og Bjarte…
PALLPLASS - ein metalpodkast008 - METALLICA
Ein kjem ikkje utanom gigantane i Metallica når ein har metalpodkast. Få band har vore meir definerande og hatt kommersiell suksess av den storleiken som…
PALLPLASS - ein metalpodkast007 - TONS TIL FJELLS
Øyvind er på spa- og hårsekkbehandling i Øystese og i hans fråvêr har vi lånt ut mikrofonen til sjølvaste Marius Haugaløkken, drivar av Gjendesheim og…
PALLPLASS - ein metalpodkast006 - MOTÖRHEAD
Kva plater kjem på pallplassen når Motörhead, med legendariske Lemmy i spissen er tema i episode 6 med Pallplass? For å finne ut av dette må Ola, Øyvind og…
PALLPLASS - ein metalpodkast005 - Black Sabbath
I episode 5 av Pallplass er det forfedrane av heavy- og doom metal som skal på pallen. Kva era av Sabbath er best? Er Ian Gillan den beste Sabbath-vokalisten?…
PALLPLASS - ein metalpodkast004 - JUDAS PRIEST
Judas Priest. Sjølve opphavet og definisjonen på Heavy Metal. Ein sjangerinstitusjon utan like. Eller er dei? Er Live Vengeance ´82 oppskrytt? Er Dave Holland…
PALLPLASS - ein metalpodkast003 - IRON MAIDEN
Kva er topp 3 plater av Iron Maiden? Er Blaze Bayley eigentleg ein god vokalist? Er bassintroane til Steve Harris eigentleg bra vals? Korleis gjekk det med…
PALLPLASS - ein metalpodkast002 - MEGADETH
Kolossale Megadeth med sin 17 platers store diskografi, blir dissekert av trioen RossMoe. Klarar dei å finne kva plater som får pallplass?
PALLPLASS - ein metalpodkast001 - DEATH
Legendariske Death med sin uslåelege diskografi er tema i episode 1 av PALLPLASS.